Oppfølging; avtale om IKT i skolen – tips til læreren

Jeg har i dag fått noen gode tips fra Uninett ABC (tusen takk til Snorre og Rolf), og følger derfor opp innlegget Forslag til avtale mellom elev og skole om bruk av IKT med forslag til hvordan lærer kan gå gjennom rettigheter og plikter med sine elever (grunnen til at dette står på nynorsk er at det er målformen jeg bruker på jobb). I løpet av overskuelig framtid regner jeg med at Uninett legger ut veiledninger som dette på sine hjemmesider (men siden jeg skal igang nå har jeg omarbeidet dem selv til mitt bruk). I tillegg til dette bør det være en ordliste som forklarer begrep som IKT, MSN, SMS osv. Se også kommentaren min i neste avsnitt med hva som ligger av tilgjengelige ressurser i LMS.
Oppdatert 30.08.09: Ny bloggpost; IKT-reglement med veiledning

Å NYTTE IKT PÅ SKULEN – TIPS TIL LÆRAR
I staden for å gå gjennom reglementet (som og vert sendt til elevar og føresette for underskrift/samtykkje) punkt for punkt bør ein stimulere til refleksjon rundt rettar og plikter. Dette føreset at du som lærar og har lese gjennom og forstått innhaldet i avtalen. Avtalen finn du ………(min kommentar; vi lagrer alle dokumenter som omhandler Feide osv i et eget klasserom i LMS som alle lærere har tilgang til. På denne måten kan hver enkelt lærer skrive ut nødvendig antall eksemplarer, finne ferdiglagede forslag til presentasjoner osv – uten at vi behøver å trykke opp mange unødvendige eksemplarer. Klasserommet inneholder også aktuelle lenker til lovsamling, nettvett, opphavsrett osv).

Det er viktig å veilede i diskusjonen slik at svara vert mest mogeleg lik dei svara du finn i teksten under. Ver merksam på at ord som «rett» og «plikt» og må forklarast og drøftast med elevane.

Når klassen har formulert sine svar bør ein lage ein plakat slik at retningslinene alle er einige om vert hengt opp godt synleg i klasserommet.

Eleven sine rettar:

  • Å få informasjon om skulen sitt IKT-reglement
    Kvar skule har ansvar for at elevane er kjent med IKT-reglement. Sjølv om eleven har fylt 14 år og har plikt til å sjølv setje seg inn i reglementet har skulen fortsatt ansvar for å informere om regelverket. Aktuelle spørsmål; kva er eit IKT-reglement og kvifor har vi eit slikt reglement? Korleis vert du og dine føresette informert om reglementet?
  • Å nytte skulens datautstyr til alle formar for skulearbeid
  • Å bli undervist i korleis ein nyttar IKT 
    Disse to punkta høyrer saman, skulen skal gje elevane digital kompetanse. Dette er ein kompetanse som er likestilt med lesing, skriving, rekning og kunne uttrykke seg muntleg (Kunnskapsløftet). Digital kompetanse: basiskunnskap, problemløysing med IKT, kommunikasjon/nytte fleire kjelder, refleksjon sosiale/etiske spørsmål
  • Å ha IKT-utstyr som virkar
  • Å ha tilgjenge til IKT-utstyr
    Disse to punkta høyrer saman. For å gje elevane digital kompetanse er det ein føresetnad at IKT-utstyret fungerar og at eleven har tilgjenge. Elevane på eit klassetrinn skal ha lik tilgang til datamaskiner. Merk; tilgjenge er etter avtale med skule/SFO – sjå under pliktar
  • At ting som eleven lagrar på datamaskina vert teken vare på
    At innhald ikkje vert sletta utan førehandsvarsel, sørgje at andre ikkje får tilgjenge og at innhald ikkje vert spreia utan samtykkje.
  • At ein kan få med seg heim det ein har lagra på datamaskina
    Eleven har opphavrett på det eleven sjølv har laga og kan ta det med seg heim om dei sjølv sørgjer for å ta med seg/overføre innhaldet. Mapper på datamaskina vert sletta om sommaren og eleven må difor sørgje for utskrift eller sende til seg sjølv på epost før ferien om dei vil spare på innhaldet

Eleven sine pliktar – diskusjon rundt spørsmålstilling: (lærar styrar diskusjon inn i «rett» spor, men klassen vert einige om formuleringane)

  • Korleis skal vi handsame IKT-utstyret på skulen?
    Det er sjølvsagt at ein skal handsama utstyret fint, ikkje flytte på kablar og ledningar o.l.Vert utstyret øydelagt kan elevar/føresette ha erstatningsansvar og/eller brukar kan bli utestengd for ei periode («erstatningsansvar» bør forklarast). Ein skal ikkje laste ned og installere andre program. Evt ein diskusjon rundt dette med virus og sikkerheit.
  • Når kan vi nytte skulen sitt IKT-utstyr?
    Dette skal skje etter avtale med skule/SFO.
  • Kva kan vi nytte skulen sitt IKT-utstyr til?
    Du kan nytte skulen sitt IKT-utstyr til skulearbeid om det ikkje er avtala at ein kan nytte utstyret til t.d chat, sjekke og sende epost, spele spel – er du i tvil skal du spørre læraren. Du skal lagre arbeidet i di eiga mappe. På dei årstrinna det er aktuelt: elevane skal ikkje laste ned og installere andre program, dei skal ta omsyn til opphavsrett, dei skal ikkje søkje etter krenkande innhald (pornografisk, blasfemisk, rasistisk, nazistisk) og heller ikkje bokmerke slike nettstader
  • Kven skal kunne nytte ditt brukarnamn og passord?
    Det er berre eleven sjølv som kan nytte eige brukarnamn og passord. Eleven må ikkje låne bort eller fortelje kva brukarnamn og passord er. Om eleven har gløymt brukarnamn (standardalgoritme for brukarnamn 3+3+2) og/eller passord skal eleven seie frå til læraren. Når du avsluttar skal du logge heilt ut, og går du frå maskina i ei arbeidsøkt skal du låse maskina (trykk windowstast + L) slik at andre ikkje kan nytte din pålogging.
  • Kva er verst; å mobbe nokon andre i verkelegheita eller på Internett?
    Vi vil ikkje ha mobbing på nokon måte på skulen, men det kan vere ekstra ille å bli digitalt mobba – og dette er eit aukande problem. Når ein elev vert mobba gjennom SMS, MSN, chat og liknande veit ein ikkje alltid kven som mobbar. Ein skal oppføre seg på høveleg vis og når ein er på Internett (nettvett og nettikette). Evt ein diskusjon rundt tema; veit du kven du snakkar med på chat, MSN o.l.?
  • Kva skal du gjere om du finn feil?
    Elevane skal seie frå til lærar (evt administrasjon/IKT-ansvarleg)

Oppdatert 2/9-09: man kan selvfølgelig benytte LMS til en slik gjennomgang – lag f.eks en «prøve» med spørsmålstillingene slik at alle får anledning til å uttale seg…denne kan jo være anonym hvis det er noe poeng. Eller lag en spørreundersøkelse i LMS for å få fram hva man synes er mest viktig og minst viktig – f.eks hva synes du er den viktigste bruken av IKT i skolesammenheng?

Advertisements

6 comments

  1. Ein må ikkje be om orsaking om noko står på nynorsk.

    Gode tips no når skuleåret tek til – og alt vil bli mykje betre enn året som gjekk.

  2. Nei, ingen unnskyldning – bare en forklaring på at jeg bytter målform til tider (og så er jeg ikke helt stø i nynorsken heller, så der får jeg kanskje bruk for orsakinga) 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s