Forslag til avtale mellom elev og skole om bruk av IKT

27.08.09 at 17:50 3 kommentarer

I dag et forslag til avtale mellom elev og skole om bruk av IKT; både det å bruke skolens utstyr og programvare. Tar gjerne kommentarer…..
Oppdatert 28.08.09; oppfølging til dette innlegget – tips til lærer hvordan man skal gå gjennom avtalen med elevene finner du på denne lenka
Oppdatert 30.08.09; ny bloggpost: IKT-reglement med veiledning

Å NYTTE IKT PÅ SKULEN

Skulen har teke i bruk IKT i samband med undervisninga. IKT står for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Skulen ønskjer med denne avtalen å leggje tilrette for at du på best mogeleg måte kan gjere deg nytte av denne teknologien i skulearbeidet og i skulekvardagen.

Ein viktig føresetnad er at vi i skuletida fokuserer på skulebruk og ikkje privat bruk. Skulen er knytta til eit nettverk og innfører FEIDE (Felles elektronisk identitetshandtering) – og dette gjer at vi har reglar for korleis vi kan og ikkje kan nytte teknologien.

DINE RETTAR:
Du kan nytte skulens datautstyr til alle formar for skulearbeid
• Søkje på Internett etter stoff til skuleoppgåver
• Hente (laste ned) bilete og tekst frå Internett for å lage ditt eige svar på ei skuleoppgåve om du ikkje bryt reglar for opphavsrett (copyright)
• Jobbe med skulearbeid i alle program som er installert på maskinene. Dei programma vi nyttar på skulen er …………….
• Skrive ut eige skulearbeid
• Nytta læreprogramma som er installerte på datamaskina og tenester som kommunen har kjøpt som ligg på Internett. I tillegg kan du nytte andre gratis digitale læringsressurser som læraren syner deg.

Etter avtale med lærar kan du:
• Chatte
• Sende og sjekke mail (e-post).
• Nytte hovudtelefonar
• Lasta ned lovlege filer til skulebruk

DETTE HAR DU IKKJE LOV TIL :
• Å dele brukarnamn og passordet ditt med andre, dette er personleg og sjølv om nokon har gløymt sitt skal du ikkje låne vekk ditt eige.
• Å søkje etter ulovleg eller krenkande materiale. Krenkande materiale kan vere pornografisk, rasistisk, blasfemisk eller nazistisk karakter. Du skal heller ikkje setje bokmerke på slike sider i nettlesaren eller leggje dei som lenkje i læringsplattforma
• Å lagre lydfiler, videofiler eller program på nettverket eller på skulen sine pc’ar – om dette ikkje er avtalt på førehand med lærar/IKT-ansvarleg i samband med lagring i læringsplattforma når det gjeld skulearbeid.
• Å drive med spel og anna aktivitet som ikkje er skulearbeid. Er du i tvil skal du høyra med læraren din.
• Å flytte på pluggar og tilkoplingar eller gjera andre inngrep på utstyret.
• Å installere program på datamaskina
• Å endre instillingane på datamaskina

DINE PLIKTAR:
• Når du er ferdig med arbeidsøkta skal du logge deg heilt ut
• Skal du gå frå maskina medan du arbeider, trykker du alltid ”windows+L” for å låsa maskina slik at andre ikkje har tilgjenge
• Har du gløymt passordet ditt seier du frå til lærar, som hjelper deg med å få nytt passord
• Meld frå til administrasjon, lærarar eller ikt-ansvarleg når du finn feil.
• Bruk utstyret med varsemd
• All lagring av skulearbeid skal skje i privatmappa di. Innhald som vert lagra på PC’en kan verte sletta utan førehandsvarsel.
• Alle privatmapper vert sletta om sommaren. Hugs difor å ta ut det du måtte ynskja å ta vare på frå året som gjekk (t.d utskrift eller send til deg sjølv via mail)
• Å vise høveleg framferd på Internett og i samband med elektronisk kommunikasjon – vis Nettvet og Nettikette.

Skulen har programvare som gjer at læararane kan fjernhjelpa elever og sjå korleis dei arbeider – dette kan dei gjere uten at eleven sjølv er klar over det.

BROT PÅ REGLANE:
Brot på desse reglane eller hærverk på utstyr vert å sjå på som brot på ordensreglane. Alvorlege eller gjentekne brot vil medføra brev heim til føresette og vil få innverknad på ordenskarakteren til dei som går på ungdomssteget.

I tillegg kan det medføra sanksjonar som:
• Sperring av ditt brukarnamn i ein varsla periode. Dette gjer at ein og vert stengt ute frå skulens datanett, Internett og andre digitale tenester ein har tilgjenge på gjennom Feide
• Tap av retten til å nytta skulen sitt IKT-utstyr i ein varsla periode.

Reglane gjeld så lenge underteikna er elev ved grunnskulen i kommune eller til ein ny avtale erstattar denne.

Eg har lest og forstått reglane, og pliktar å innrette meg etter desse. Eg har også forstått at regelbrot vil medføra sanskjonar som kan få innverknad på tilgang til bruk av ikt i undervisninga og på ordenskarakter.
Dato og signatur for elev og føresett:

Advertisements

Entry filed under: Feide, IKT i skolen. Tags: , , , .

Å komme igang med LMS – vårt forslag til myk og enkel start. På skolebenken i dag

3 kommentarer Add your own

  • 1. Snorre Løvås  |  27.08.09, kl. 20:14

    Hehe. «Great minds think alike»
    Dette er vel kanskje et nytt bevis på at vi må bli flinkere til å synliggjøre hva vi jobber med, men ikke er ferdige med ennå.

    Vi er i sluttfasen på et prosjekt rundt maler på IKT-reglement for forskjellige aldersgrupper med et tilhørende pedagogisk opplegg. Arbeidet er gjort i samarbeid med Trondheim kommune og Senter for rettsinformatikk og har vært gjennom forskjellige foreldreutvalg osv.

    Så vidt jeg vet er det bare grafisk utforming som står igjen og det er et møte i morra om akkurat det. Jeg vil tro at resultatet vil dukke opp på websidene våre innen veldig få uker.

  • […] noen gode tips fra Uninett ABC (tusen takk til Snorre og Rolf), og følger derfor opp innlegget Forslag til avtale mellom elev og skole om bruk av IKT med hvordan lærer bør gå gjennom rettigheter og plikter med sine elever (grunnen til at dette […]

  • 3. Opphavsrett, men ikke åndsverk? « Eva 2.0  |  22.09.09, kl. 20:08

    […] om dagen og snakker om Feide og IKT-reglement. Som det framgår av tidligere blogginnlegg (f.eks “Forslag til avtale mellom elev og skole om bruk av IKT”,  “Oppfølging avtale om IKT- tips til lærer” og “IKT-reglement med […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Note to myself

Finn presentasjonene jeg bruker på slideshare

Sjekk ut ressursene jeg har laget på IKTplan.no

KONTAKTOPPLYSNINGER

Antall besøkende

  • 516,969 besøk

Siste innlegg

Skriv inn epostadresse for å få nye blogginnlegg rett i innboksen din

Bli med 322 andre følgere

Velkommen til Eva2.0

Takk for at du besøker siden, jeg setter pris på alle gjester. Hvis det er innlegg du liker godt (eller misliker) håper jeg du legger igjen en kommentar. Har du spørsmål kan du sende meg en epost, epost-adressen finner du på siden om denne bloggen. Blogginnlegg som jeg skriver på disse sidene gjenspeiler helt og holdent min private mening og mine private oppfatninger - og er ikke uttrykk for holdninger i forhold til prosjekter jeg arbeider med.

Jeg har gitt ut en bok sammen med Frode Kyrkjebø "IKT i Skulen - kva, kven, korleis og kvifor". Se fanen IKT-ferdigheter på toppen for mer informasjon.

I tillegg har jeg fått tittelen Årets Skoleblogg - denne setter jeg umåtelig stor pris på. Takker alle som bidrar med gode råd og tips til mine blogginnlegg :-)

TANKEKART DIGITALE FERDIGHETER PÅ HVILKE TRINN

Jeg er EvaBra på twitter :-)
Se også min reiseblogg.

Her finner du et tankekart med tips til hvor du kan søke hva

Skriv epostadresse under for å motta meldinger om nye blogginnlegg via epost (på den andre siden anbefaler jeg egentlig at du heller abonnerer via RSS-feed..se fanen IKT-ferdigheter på toppen og bla deg ned til Organisere ved hjelp av RSS)

Bli med 322 andre følgere

Creative Commons License
Dette verk av Eva Bratvold er lisensieret under enCreative CommonsNavngivelse-Ikkekommersiell-Del på samme vilkår 3.0 Norge lisens.

“If you want to build a ship, don’t drum up the men to gather wood, divide the work, and give orders. Instead, teach them to yearn for the vast and endless sea.” — Antoine de Saint-Exupéry


%d bloggers like this: