Felles plattform for digitalt skulesamarbeid

I dag 1. april har vi fått ein artikkel i lokalavisa om prosjektet Digitalt Skulesamarbeid i Sogn og Fjordane. faksimilesognavisHer er teksten:
Felles plattform for digitalt skulesamarbeid

– IT ein del av Kunnskapsløftet
– Dele kunnskap med fleire

Kort forklart skal me legge til rette for digitale verktøy slik at alle skulane kan «snakke» med kvarandre, enten dei held til på Skjolden eller i Måløy, seier Eva Bratvold, prosjektleiar for Digitalt skulesamarbeid.Kunnskapsløftet løftar fram digital kompetanse og likestiller det med basisferdigheiter som lese, skrive og rekne. Informasjonssamfunnet krev at alle beherskar IT, noko som ein berre må ta konsekvensen av, seier Bratvold. ITforum Skulenettverk sette difor i gang «Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane», med utgangspunkt i dei nasjonale føringane for bruk av IT i skuleverket.

Samarbeid
Oppgåva var å finna eit plattform for digitalt samarbeid i skulen og valet fall på bruk av læringsplattform. 
– Her såg med at ein kunne nå alle målgruppene på ein fornuftig måte. Med litt ny teknologi kunne me oppnå samarbeid innan dei ulike læringsplattformene rundt om i fylket ved å nytte seg av eksisterande ressursar.
Itforum Skulenettverk enda difor opp med eit nytt barn som vart kalla «Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane». Prosjektet er tidsavgrensa ut 2009 og delfinansiert gjennom fornyingsmidlar frå Fylkesmannen. Eva Bratvold har vore tilsett som prosjektleiar frå april i fjor og har med seg Frode Kyrkjebø i tillegg til Sture Førre, gruppeleiar i ITforum Skulenettverk.

Det enkle
Fronter Bridge, Learning Mangement System og streeming er dei vanskelege orda. Enklare sagt handlar det om kunnskapsdeling og samarbeid på tvers av grunnskule, vidaregåande og høgskule. At alle kan dra nytte og gjere seg bruk av det som vert lagt inn i dei virituelle «klasseromma» på nettet.
– Det er fleire grunnar til at ein ønskjer ei slik overbygging, men hovedgrunnane er at skulane er spreidd og har mellom 10 og 500 elevar. Då seier det seg sjølv at det er ikkje er ressursar nok til ei sterk IT-satsing på alle skulane. Kunnskapsløftet seier at IKT skal nyttast i alle trinn og ein må difor prøva å nytta ressurane ved  slå seg saman, forklarer Bratvold. Ved ein eigen koordinator for LMS (Learning Mangament System), gjer at ikkje alle skular må ha sin eigen administrator for å få dette til fungere.– Då håpar og trur me at terskelen for å nytta seg av læringsplattformene vert lågare. Medan høgskule, vidaregåande og grunnskule tidlegare hadde samla sitt lærestoff på ulike plattformer, er teknologien no laga slik at dette er samla i eit fellesrom og kan delast på tvers av skular og skulesteg, seier prosjektleiaren.

Frykt
Det er lite hjelp i flotte digitale verktøy dersom ikkje lærarane har kompetanse til å nytta seg av det som vert servert. – Me kan ikkje pålegge nokon til å bruka dette i undervisninga, men me skal legge til rette for at alle lærarar som tek ansvar fror å oppdatera seg og dermed få heilt nye og unike moglegheitar i skulekvardagen skal få det. Dataen er komen for å bli, men det er ikkje hjelp i med pc til alle dersom ikkje pedagogikken er på plass, seier prosjektleiar Bratvold, som vonar på ei brei kompetanseheving på IT hjå lærarar i heile fylket.

 

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s